«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 16

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Else likte å gå på kino, nett slik som eg. Vi gjekk mykje på kino, og om laurdagen, og av og til måndagen, gjekk vi i filmklubben. Eg oppdaga at der gjekk Munk òg, men eg lykkast bra i å gøyme meg vekk. Munk sat alltid langt bak, og eg passa på at Else og eg sat nokså midt på, endå eg eigentleg også likte meg best langt bak. Det var mykje latinamerikanske filmar denne hausten. Dei var alle i svart-kvitt og handla om fattige landarbeidarar. Dei hadde det dårleg og blei passa på av leigesoldatane til godseigaren. Gjorde dei teikn til noko trøbbel, blei dei plaffa ned utan vidare. Og godseigaren sat heime i villaen sin og drakk vin med horer på fanget.

Videoen er innspilt 25. mars 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.