«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 16

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Ho hadde mykje meir bøker enn meg, spesielt om politikk, og om ting som hadde med kvinner og seksualitet å gjere. Eg bestemte meg for å lese alle bøkene ho hadde, og jo før, jo heller. Første kvelden lånte eg med tolv stykke, og heiv meg over dei på senga. Eg såg over kva eg hadde tatt med. Det var både Simone de Beauvoir, to bøker av Suzanne Brøgger, Germaine Greer, Kate Millett, Tore Linné Eriksen, Göran Palm, Dag Solstad og Ingebrigt Davik. Korleis den sistnemnde hadde fått blanda seg inn, skjønte eg ikkje heilt, men det måtte vel vere ein grunn ein stad. Munk hadde eg ikkje sett på ei stund, og det var nok ikkje hans skuld. Ein kan vel seie at eg hadde forsøkt å unngå han, og ikkje minst sentralkomiteen hans.

Videoen er innspilt 20. mars 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.