«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 16

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Ho hadde briller og store framtenner, og ho visste det meste. Men det var ikkje for å få vite noko spesielt eg blei med på hybelen hennar for å drikke sjasminte. Det var berre det å vere der, med det vesle bordet og teen mellom oss. Ho brukte ikkje sukker, men eg brukte sukker for to. Skulle det bli te, måtte det sukker til, meinte eg. Ho hadde ein raud lampeskjerm som tok det meste av lyset, og ei seng som ikkje var stort anna enn ein svær madrass på golvet. Dit ville eg kome om litt. Det var berre å vente og drikke litt te så lenge.

Videoen er innspilt 12. mars 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.