«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 16

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Eg var forelska, og ein søndag drog eg ut av byen, opp i høgdene, gjennom skogen i alle sine fargar og sette meg på ein stein ved eit mørkt tjern. Eg kjende meg så underleg, endå spegelbildet mitt i vatnet såg relativt normalt ut. Ho heitte Else og kom frå Ålesund, og ved eit merkeleg samantreff som lagnaden hadde fått i stand, studerte ho det same som eg. Vi gjekk på førelesingar og åt maten vår i lag i kantina. – Er det ledig her? sa eg første gongen, liksom tilfeldig, der ho sat åleine ved eit mørkegrønt bord. – Det ser slik ut, sa ho.

Videoen er innspilt 27. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.