«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 16

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Den hausten som hadde sett ut til å bli både tung og våt, tok seg fint opp att. Det blei mildt, og ei gul sol over byen. Det var som sommaren hadde stukke innom att for å hente noko han hadde gløymt, og så hadde han funne ut at det var vel ingen grunn til å pigge av igjen så fort. Det såg jo ålreit ut her. Og hausten stod utanfor og skjønte lite av det heile. Han baksa med sitt gule og brune lauv og spente i døra. – Kva faen er dette for noko tull? ropte hausten. – Det er jo min tur no. Men sommaren låg inne på divanen og hadde alt trekt opp to langpils frå kjøleskåpet.

Videoen er innspilt 26. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.