«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 15

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– No? sa Munk. – Eg hadde rekna med at vi skulle bli her heile natta. Eg hadde innstilt meg heilt på det. Det er mykje viktig vi må prate om. Vi er jo faen meg godt i gang. Om vi berre hadde hatt ei flaske vin no, eg har ikkje smakt ein drope sidan frukost. – Eg må sove òg, sa eg. – Eg skal jo på universitetet i mor- gon og ha fleire førelesingar og alt. – Det er ikkje farleg, sa Munk. – Går du glipp av noko, så kan du få vite det hos meg. Eg sa ikkje meir. Eg heldt kjeft og berre sat. Eg venta heilt til eg høyrde ein murrande lyd. Det var Munk som hadde sovna. Eg greip tak i foten hans i same augneblinken som han tok til å rutsje nedover taket, og hindra han dermed i å stryke med før historia om han er blitt fortald.

Videoen er innspilt 26. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.