«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 15

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Kva ser du i skyene, då? sa eg. – No? No ser eg berre kriser og dårlege tider. Det er alt eg ser, og det er ikkje akkurat noko å bli så oppstiva av. Og endå lurer folk på kvifor eg aldri ler. Kva faen finst det å le av? Likevel er eg ein svær optimist, det kan du vel sjå på meg. Eg kan enno redde verda og gi henne potensen att. Men det krevst arbeid, og helsa mi er ikkje så heilt bra lenger. Og om du spør etter seksuallivet mitt, slik du før eller seinare kjem til å gjere, så er det helst gått drastisk tilbake med det òg. Det tok så smått til å mørkne. Mørket kom sigande ut frå dei himmelske krokane og samla seg. Eit par magre og bleike stjerner klarte med felles anstrenging å trenge seg gjennom skydekket. Korleis morgondagen ville bli, var heilt i det uvisse.

Videoen er innspilt 23. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.