«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 15

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Ser du noko teikn i skyene? sa Munk. Eg såg på dei grå skyene. Akkurat noko teikn kunne eg ikkje sjå i dei. Om eg anstrengde meg, kunne eg nok sjå ein heil del saker der, men eg ville ikkje kalle det teikn. – Det finst folk som kan sjå teikn i skyene, og det finst folk som ikkje ser dei, sa Munk. – Eg høyrer tilfeldigvis til dei som ser. Den første gongen eg merka at eg såg slikt, var eg åtte år gammal. Då såg eg i skyene at eg kom til å vinne på basar førstkomande laurdag. Og det slo til. Eg vann ikkje fruktkorga, som eg sikla etter, men ei mørkeblå bukse som var to nummer for lita, slik at eg aldri fekk brukt henne. Hadde eg ikkje vore så stor for alderen, ville det blitt ei bra søndagsbukse. Noka skikkeleg søndagsbukse fekk eg aldri. Det har forfølgt meg til denne dag.

Videoen er innspilt 23. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.