«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 14

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Det er på ein måte ei lita trøyst i kråkene. Dei står på, dei. Heng på gatehjørna med sneipar i kjeften, drikk for mykje og riv med seg duk og servise når dei reiser seg frå bordet. Det er sjeldan du ser dei fly saman slik. Då skal dei liksom vere ein slags motorsykkelgjeng og dra ut og stelle i stand noko jævlig med trøbbel ein plass. Vi sat stille ei stund og såg etter kråkene. Dei hadde sett seg på eit anna tak, der vi knapt kunne sjå dei. Eg orka nesten ikkje tenkje på alt det trøbbelet som var å finne borte på det taket no. – Vi var komne til 60-åra, sa Munk. – No er det lenge sidan den gongen, og du ser kossen det er no. – Kor gammal er du eigentleg? spurde eg. – Eg? Eg er vel omkring dei tretti, sa Munk. – Når ein høyrer på deg, skulle ein nesten tru du var utan nokon alder, sa eg. – Du har rett, sa Munk. – Tretti år er ingen alder.

Videoen er innspilt 23. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.