«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 14

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Det er rart å tenkje på alt saman, sa eg. – Slik er det altså blitt. – Det ser faen meg ut for det, sa Munk. – Du er så ung, du, at ein kan fylle deg med alt. Det er annleis med meg. Eg har vore med heile vegen. Eg er ein typisk etterkrigsdævel frå Vestlandet, på godt og vondt. Eg nikka og viste at eg følgde med, slik eg alltid gjorde. – På slutten av femtitalet var eg bilmekanikar, sa Munk. – Eg hadde meir bryl i håret enn du har fantasi til å førestille deg, og eg var den mest kjende bilmekanikaren på heile Vestlandet. Og det var ikkje fordi eg var så jævlig god til å reparere bilar. Spesialiteten min var å fjerne lydpotter. – Ja ha, sa eg.

Videoen er innspilt 21. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.