Vi levde i ei slik håplaus, gruggen og skoddefull etterpåtid. Dette var etter oppløysinga av Beatles. Det var etter den store folkerøystinga om EF. Det var etter at vennene frå den gongen var blitt fiendar, det var etter det store stortingsvalet i 73, då SV fekk 16 på Tinget og det ei stund såg ut som lensmann Monsen i Florø òg ville droppe inn. Det var etter slutten på Vietnamkrigen, etter kuppet i Chile, og det var etter Nixon og Watergate. Aldri skulle vi sjå Nixon på TV meir. Det var nesten einaste trøysta. Det meste var altså skjedd, og eg sat saman med Munk på taket av ein gammal leigegard i ein by full av gråvêr og vind, og vi kjende oss som to etterpåkloke tullingar. Under føtene våre gjekk det folk og køyrde det bilar. Vi bekymra ikkje dei, og dei bekymra ikkje oss.
Videoen er innspilt 20. februar 2014.