«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 13

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Ja, då får du ta ansvaret sjølv, sa vinden. Så sleppte han meg ned i hagen til skipsreiar Mohn, og eg trakka beint ut i rosebedet. Eg steig ut på gata og ropte: – Eg er tilbake hos dykk, folkens. Eg budde her hos dykk frå 1949 til 1954. Så reiste eg vekk i aldri så mange år, men no er eg her att. Kva seier de no, då? Men kva svarte dei, helvetane? – Seier du det? sa dei. – Vi kan ikkje akkurat seie at vi har sakna deg. Men då var den jævla vinden alt flogen sin veg. Det var for seint. Eg måtte pent bli der eg var, og gjere det beste ut av det.

Videoen er innspilt 20. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.