«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 13

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Det var ingen kunst, sa Munk. – Eg kom med vinden. Via diverse små og gløymde vestlandsplassar, inni halvt attgrodde fjordarmar og glatte og nakne holmar, med flaggstenger, 17. mai-tog og bedehusbasarar med fruktkorger, så kom eg hit. Vinden tok meg på ryggen ein dag og førte meg langt av stad. Då vi var over Bergen, sa eg: – No kan du sleppe meg ned. – Her? sa vinden og lét som han ikkje trudde sine eigne øyre. – Her, sa eg. – Ein kan aldri vite om du er alvorleg eller ikkje, sa vinden. – Eg er så alvorleg som femti salmebøker, fireogtjue emissærar og eit dusin lærebøker i seksualopplysning, sa eg.

Videoen er innspilt 20. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.