«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 13

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Slik skal det vere, sa Munk. – Betre kan vi knapt få det under seinkapitalismen. Vi hadde funne oss ein høveleg avsats der det gjekk an å sitje utan å gli. – Fred Astaire skulle ha laga ein film her oppe frå taket, sa Munk. – Synest du ikkje du ser han for deg, dansande bortetter hustaket md klaprande skor, og med ein feiarkost og ei raud fane over skuldra? – Eg trur det, sa eg. Regnet var enno ikkje riktig kome, men det var rikeleg med vind. – Ein slik dag var det eg kom til byen, sa Munk. – Ein slik Herrens dag for mangfaldige år sidan, før du var påtenkt enno. – Korleis kom du eigentleg hit? sa eg.

Videoen er innspilt 19. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.