«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 13

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Vi laga oss litt mat. Det var ikkje mykje pålegg eg hadde, men det var ikkje så mykje brød heller, viste det seg, så det rakk. – Jøss, sa Munk, – her kan ein jo kome seg ut på taket. Skal vi gjere det? Gå ut på taket? – Eg er ikkje så sikker på det, sa eg. Enno hadde eg ikkje vore ei veke i byen, og så snakka eg slik. – Kom an, sa Munk. – Vi kommunistar set oss på taket. Korleis skal vi få innført kommunismen om vi ikkje av og til skaffar oss det store overblikket? Det spør eg meg. Eg meinte det blei hans problem og ikkje mitt, likevel klatra eg etter. Ein slik type hadde eg alltid vore, og no var det vel for seint å endre noko. Godt at vi begge hadde gummisolar på skorne. No var det berre å håpe at ikkje taksteinane ville gli og deise i hovudet på uskuldige, undertrykte folk nede på gata.

Videoen er innspilt 19. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.