«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 12

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Det er livsverket mitt, det der. Eg har eigenhendig innført kommunismen i byparken, som første stad i Norge. Herifrå vil han så spreie seg vidare. Spiren er sådd. No er det opp til dei andre. – Dei der? spurde eg. Vi snudde oss og såg oss tilbake på karane som framleis sat på benken, som ein bukett blomar som hadde stått for lenge ute i regnet. Dei var begynt på ølet sitt. Munk såg brått trøytt og sørgmodig ut. Jakka hans hang slapt ned, og knea i buksene hans bula meir enn normalt. – Det triste er at eg må gjere alt sjølv, sa han. – Dei karane der borte er mykje dei same staurane som før dei blei kommunistar. Vi var komne ut på gata. Vi kjende pusten av regn i nakkane våre og kulsa.

Videoen er innspilt 19. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.