«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 12

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Guds fred, helste Munk. – Her er sentralkomiteen i partiet, rettlinja kommunistar alle i hop. Og her er den nye partimedlemmen. Kven veit om han ikkje hamnar i sentralkomiteen, han òg. Han ser nesten slik ut. Det var meg han meinte. Karane på benken gliste. – Velkommen, kamerat, gliste dei. – Du kunne ikkje hjælpe oss med ein tier, vel? Vi som sittar slik i sentralkomiteer, vi blir jo så jævlig tørst fra tid til a’en. – Vent til han får lån og stipend, sa Munk. – Då kan han bidra litt til partikassen. – Kva er dette for noko tull, Munk? sa eg då vi to rusla ut or parken ein fem minutts tid etter. – Er dei folka der kommunistar? – Visst faen er dei det, sa Munk. – Gode og ærlege kommunistar.

Videoen er innspilt 18. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.