Etter orienteringsmøte på universitetet kjende eg meg heilt utkøyrd. Det ville bli for mykje for meg, dette her. Kanskje fanst det eit anna fag som var mindre skremmande, men eg tvilte. Eg kjende det som eg bar på ein femti kilos mjølsekk, og kjøpte meg ein kopp kaffi til kr 1,25 i kantina. Deretter gjekk eg i parken for å treffe Munk. Han hadde påstått han ville presentere meg for kameratane sine. Munk sat der på ein benk saman med fem andre karar, av den sorten som ein gjerne treffer på i parkar, verken verre eller betre. Dei var raude og oppsvulma i ansikta, hadde feitt hår, håse røyster og ikkje så reine klede. Ingen av dei ville ha sloppe inn på restaurant. Attmed seg hadde dei ein plastpose med øl og ei gammal lêrveske med fire flasker Koskenkorva.
Videoen er innspilt 18. februar 2014.