Så var det ein sommardag, då, presten låg der i buskane som vanleg, og far min tok seg ein tur bakom huset for å slå lens. Då slo presten til, ser du. Som ein katt sprang han fram til huset, inn i stova, og snappa ungen – altså meg – før far min hadde fått rist oksen sin ferdig. Og då var presten berre ein svart skugge nedi vegen. Han svinga meg over hovudet som eit jakttrofé og styrta mot kyrkja. Det varte fem minutt før far min nådde fram til kyrkjedøra med hagla. Då stod presten der med meg i armane og hadde alt døypt meg. – Du kan berre skyte, sa presten, – men ungen er døypt, og Munk heiter han. Det blei i meste laget for far min, og han drog til dei evige ølsjappene sommaren etter. Han fekk kyrkjeleg begravelse, gjestene drakk opp restane av ølet hans, og eg gjekk seinare og fekk pant for flaskene.
Videoen er innspilt 18. februar 2014.