«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 11

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Presten kan jo berre kome og prøve å hente ungen, brukte han å snerre fram frå ølgapet sitt. Mor mi protesterte sjølvsagt som faen, men det var nyttelaust. Far min var eit brutalt rævhòl. Men så var det han presten, då. Han hadde sett seg føre at han skulle få ungen døypt, om det så skulle skje med vald og makt og koste han både kappe og krage. Presten brukte då å liggje gøymd ute i bringebærbuskane og lure og vente på å slå til. Mor mi såg han no og då, hovudet som stakk opp for å trekke pusten, eller ein flik av prestekjolen. Men ho sa sjølvsagt ingenting, og far min drakk for mykje øl til å merke noko, arbeidslaus som han oftast var.

Videoen er innspilt 17. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.