«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 11

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Dersom det er noko du ikkje forstår, noko som er dunkelt eller slikt, så kan du kome til meg med det, så skal eg samanlikne med grunnteksten. Du er ikkje den første eg har gitt hjelp til å tolke Bibelen. Til og med prestar har eg måtta hjelpe når dei stod fast. – Prestar? sa eg. – Du kjenner visst mange slags folk du, Munk. – Eg kan forresten fortelje deg korleis det bar til då eg blei døypt, sa Munk. – Far min var ein ugudeleg satan og ville ikkje ha noko av at eg skulle døypast. Det var tull og helveteskap, meinte han. Far min pleidde å gå rundt i huset og bruke seg noko jævlig på alt som rørte seg. Han gjekk oftast med berr overkropp og ei ølflaske i høgre handa. Du skjøner kossen han var. Så var eg liksom fødd, då, og han begynte å sjå det som ei slags livsoppgåve å hindre at eg blei døypt.

Videoen er innspilt 17. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.