Eg visste at eg alt no, før første semesteret mitt hadde starta, drakk øl som ein ekte student, og at eg nok ikkje ville tåle det i lengda. Det løpet ville bli for hardt. Eg måtte finne dei riktige folka å vere saman med. No var Waglen reist heim att, proble met var då å ikkje treffe Munk med det aller første. Eg sette Bibelen frå meg ein plass der eg lett kunne sjå han, og gjekk ut. Der stod Munk. – Kor faen var du i går? sa han. – Eg? sa eg. – Eg var heime og las i Bibelen. Eg har bestemt meg for endeleg å lese han frå perm til perm. Munk verka interessert.
Videoen er innspilt 17. februar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.