«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 10

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Waglen stod der og skreva som ein konfirmant. – Eg fekk noken flekker på buksa, sa han. – Det hadde de vel ikkje venta, damer? Eg kunne sjå på damene at dei hadde venta kva som helst. Kvelden stod no berre så vidt med hovudet over vatnet, og vi lét han søkke. Eg trur eg fekk til ein slags samtale med damene til slutt, ein samtale som blei til skodde straks han var sleppt ut or munnane våre. Det aller siste eg hugsar frå denne kvelden, var at pusten min brått forsvann. Det var Waglen som tok strupetak på meg.

Videoen er innspilt 17. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.