«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 10

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Waglen heldt fram. – Men det er ein ting vi klarer, og det er å berike det norske språket. Og det kan jaggu trengast. – Ja, sa eg. – Det kan trengast, Waglen. – Det er ei stor og privilegert oppgåve vi har der, sa Waglen. – Faen gjelde meg. Det ante meg at denne kvelden så smått tok til å søkke i havet, då Waglen reiste seg for å gå og pisse. Røystene rundt meg høyrdest ut som dei gjekk med filttøflar og ullskjerf på seg, og eg fekk brått det innfallet at eg skulle setje meg hos damene, sidan kavalerane deira enno ikkje var tilbake. Det måtte vere aldeles enorme blærer på dei fyrane, og no skulle vel alt tømmast.

Videoen er innspilt 14. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.