«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 10

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Koffor er det slik at vi som kjem frå slike fitteplassar i Bygde- Norge har slik ein jævlig trong i oss til å skyte folk? sa Waglen. – Har du òg funne ut det no? sa eg. – Eg veit ikkje, eg. Eg visste det verkeleg ikkje, slik i farten. – Alt går oss imot, frå fødsel til søppelhaug, og så skulle vi ikkje skyte nokon. Fyyyyy faen! Der sat eit par damer ved bordet attmed oss. Dei verka nyoppussa og glatte og fine. Og dei hadde sete og lagt merke til Waglen ei stund. No blei òg Waglen merksam på situasjonen. Han gav seg til å stire stivt og fredlaust på dei.

Videoen er innspilt 12. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.