– Arbeidarpartiet har no laga bra mykje trøbbel hos oss òg, sa eg. – Berre sjå kossen det gjekk med sildoljen. Eg la haka oppi ølglaset slik som Waglen. Det var ein ny og avansert måte å drikke øl på. – Det er ingenting mot det dei har gjort hos oss, sa Waglen. – Der har dei øydelagt frukthausten med regn fjorten år på rad. Frukta myglar på greinene kvart år, men kva kan du vente med arbeidarpartifleirtal i kommunestyret? Haka til Waglen var oppe av glaset igjen, og han dunka handa i bordet.
Videoen er innspilt 11. februar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.