– Det er ingen som har laga så mykje ulykker her i landet som Arbeidarpartiet, sa Waglen. – Dei slappe arbeidarpartikukane. Og det er ingen plass i landet dei har laga så mykje faenskap pr. innbyggjar og pr. kvadratkilometer som inne i fjorden hos oss. Eg hugsar at alltid når noko gjekk til helvete, så skulda vi det på Arbeidarpartiet og Gerhardsen. Når ein veg rasa saman, så sa vi at no hadde Gerhardsen vore her att. Og når det regna i førti dagar og førti netter utan stans, så sa vi at no får nokon ta og gjere noko med han Gerhardsen. Og når det var ei jente som var på tjukken og ikkje var gift, så sa vi at no har Gerhardsen vore her med sakene sine att. Han skulle no vore gjelda for lenge sidan. Waglen låg med haka oppi ølglaset og såg meg beint inn i augene.
Videoen er innspilt 10. februar 2014.