«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 10

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Ser du ikkje det? sa eg. – Vi har noko å hemne for at Norge ikkje er blitt slik vi håpte. – Eg veit vel faen betre enn deg kva vi har å hemne. Men det er ikkje fordi eg har hatt noko håp til Norge. Det har eg aldri hatt. Norge er eit land fullt av kyr og gråstein og er nett faen slik vi har fortent det. Vi bør takke og velsigne. Hemne oss, seier du? Waglen sat og såg ut som han grunda. – Vi kan jo hemne oss med å drikke Bergen tom for øl. Det ville bli litt av ein hemn. Satan for tilstandar det ville bli! Det var blitt så seint at folk rundt oss tok til å bli utydelege, som om dei var fylte av skodde og ikkje lenger brydde seg med om det dei sa hadde noka meining eller ikkje. Berre Waglen og eg høyrdest ut til å ha viktige ting føre oss.

Videoen er innspilt 10. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.