«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 10

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Bill og Ben, seier du? sa Waglen. – Du er vel ikkje nokon Bill eller Ben. Du har for høge tankar om deg sjølv. Vangsgutane er meir i vår gate. Ser du ikkje det? Eg er Steinar Vangen, og du er Kåre Vangen, her er vi komne streit frå Oladalen for å stive opp moralen hos det norske lefsefolk, berge gamle kjerringar frå å drukne, gøyme vekk pilsflaskene til folk og lime svarte lappar over kjønnsorgana deira. Der har du oss, vi bygdeungdomar med grønt bondeblod og separert mjølkefeitt i årane. Eg lét meg ikkje skremme.

Videoen er innspilt 08. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.