«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 10

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Dette er historia om Waglen og meg, på ølstove i Bergen, ein grå og vassen dag på brua mellom august og september, der vinden bles hardast. Enno var eg ikkje begynt å studere, men det ville kome. Eg såg det alt saman strekt ut framfor meg som eit hinderløp utan mål. Vi sat på Holbergstuen, ved eit vindaugsbord, og lét regnet strøyme ned utan å løfte ein finger for å stanse det. Vi burde kanskje gjort det. Etter to glas øl begynte eg å sjå på oss som vi var tildelte ei spesiell oppgåve her i verda. Bill og Ben kunne vi til dømes heite, med spesialitet å trekke raskare enn olja lyn og ri snarare enn vit og forstand.

Videoen er innspilt 08. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.