«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Vi gjekk attmed kvarandre gjennom gatene. Det var ikkje mykje å sjå på i småregnet der vi gjekk. – Sjå der, sa eg av og til, når eg meinte det var noko som det gjekk an å sjå på. – Mhm, sa Waglen og såg berre rett framfor seg. – Eg veit kor vi kan gå litt seinare, sa eg. – På ein plass som heiter Holbergstuen. Der kan vi drikke øl. – Holbergstuen? sa Waglen. – Du er sikker på at det ikkje heiter Holbergs kaffi- og vadmålsstove? Og at dei serverer rømmegraut og lusekofter der? – Ikkje det eg veit, sa eg. – Men øl har dei. – Jævlig så hissig du er blitt på alkoholen plutseleg. I stad ville du ikkje ha så mykje som ein drope sprit i kaffien. – Det var i stad, sa eg. – Ja ja, sa Waglen.

Videoen er innspilt 08. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.