«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Å, det var eit helvete. Heile natta til endes. Sjukdomar og sjukdomar og sjukdomar. Til slutt kjende eg meg heilt sjuk sjølv. Eg hadde god lyst til å hive helveten på sjøen, for å gjere slutt på lidingane hans. Det ville ha vore ei miskunnsgjerning, ville det ikkje? – Det er muleg, sa eg. – Du kan tru eg var freista ein gong han stod og lente seg over rekka. Det var ikkje mykje som skulle til, ein liten vipp og vekk med han. – Men du gjorde det ikkje, sa eg. – Nei, sa Waglen og såg drøymande framfor seg, som om det var ein solnedgang i havet med fiolinmusikk han såg på.

Videoen er innspilt 08. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.