«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Veit du ka som er toppen av tålmodigheit? sa Waglen. – Naa …, sa eg. – Kitle ein telefonstolpe til du høyrer telefondama ler. Eller gi grisen sukker og suge han i ræva til du kjenner søtsmaken. – Det er å gjere ei sjøreise over ei natt med far min, sa Waglen. – Han har underhalde meg i heile natt med alle sjukdomane sine. Og gudane skal vite at han har ikkje få. Og då han var ferdig med å snakke om dei han har no, fortalde han om alle dei han hadde før. I 1953 hadde han det slik at han ikkje kunne pisse. – Det må ha vore jævlig, sa eg. – Men han sparte mykje tid med det, sa Waglen.

Videoen er innspilt 07. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.