«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Å faen, sa Waglen. – Det er jaggu likt han. Det er vel den femmaren som er grunnlaget for husbygginga hans. Du må no aldri tru at ein slik som Pils-Ola ville få husbanklån eller noko slikt. – Det er løye at eg ikkje har gløymt den femmaren, sa eg. – Slikt gløymer ein aldri, sa Waglen. – Eg skal minne han på det neste gong eg ser han. Eg skal ta han ei stripe og dra han litt i kragen. Han er blitt så jævlig svær etter at han begynte med det der huset. No får du betale den femmaren du skuldar, Pils- Ola, skal eg seie. – Elles ber det beint i hòlet. Det tok til å regne, kunne vi sjå. Det vil seie, eg såg det, men eg veit ikkje korleis det var med Waglen.

Videoen er innspilt 06. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.