«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Hugsar du Magne? sa eg. – Pils-Ola, meiner du? spurde Waglen. – Nei, Magne, sa eg. – Han gjekk i klassen under oss. – Eg veit kven det er. Vi kalla han for Pils-Ola. For ikkje å forveksle han med Sprit-Ola i Oslo. – Eg visste ikkje at de kalla han for Pils-Ola, sa eg. – Jau, vi kalla han for Pils-Ola. Pass opp, der kjem Pils-Ola, sa vi. Det var namnet vi hadde på han. Jau, eg ser han rett som det er. Han bur omtrent der som eg bur. Han driv og byggjer hus no. Eg går forbi av og til og seier: Ja ja, du driv og byggjer, Pils-Ola? – Han skuldar meg enno fem kroner som han lånte av meg i 1969, sa eg.

Videoen er innspilt 06. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.