«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Kaffistova, sa Waglen og såg rundt seg med ville auge. – Kaffistova. Og lefse, mumla han. – Kva meir? spurde han meg. – Lusekofte, fortsette han utan å vente på svar. – Og vadmålsbukser. Og Millom bakkar og berg utmed havet. – Kva driv du med no, Waglen? spurde eg. – Eg jobbar, sa Waglen. – Å, sa eg. Eg spurde ikkje kva han jobba med. I staden begynte eg å tenkje på tida. Kor fort ho gjekk. Før var det annleis. Då gjekk ho så forjævlig seint. Vi blei aldri vaksne og fekk hår på pikken, tykte vi. Og no? No rulla det unnabakke, og bremsane såg ut til å ha roke for lenge sidan.

Videoen er innspilt 06. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.