«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Dei kvinnfolka der? No må du faen meg gi deg. Du var alltid så pissande redd for å drikke sprit. Eg forstod meg aldri på deg. Ikkje løye at eg brukte å ta strupetak på deg. – Kan eg ikkje få ein slurk seinare? sa eg. – Seinare er det alltid for seint, sa Waglen. – Det burde du ha lært, så gammal som du er blitt. Eg skal i alle høve ha ein injeksjon i kaffien. Han drakk ein slurk kaffi og fylte koppen att med sprit. – No er det kaffi, sa han. – Slik som han var meint å vere frå skaparen si hand. Eg hadde kjeften full av lefse (eller rundstykke) og svarte ikkje.

Videoen er innspilt 03. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.