«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Han følgde i hælane på meg over Strandkaien og opp på Kaffistova til Ervingen, alt medan han riste på hovudet som om han ville seie at no hadde han opplevd bortimot alt, og dersom det enno fanst noko han ikkje hadde vore borti, så kunne dei berre behalde det. Vi sette oss, og eg henta to kaffi og litt lefser. Nei, det var kanskje rundstykke. Waglen opna stresskofferten, og der hadde han ei svær og flat matpakke og ei lommelerke. – Ho var tjukkare då vi drog, sa han og peikte på matpakka. – Eg må trakke på ho for å få ho på plass i stressaren. Skal du ha deg ein slurk? – Ikkje her, sa eg. – Dei kan sjå det og kaste oss ut.

Videoen er innspilt 03. februar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.