Eg sa kva eg heitte, og frykta at Waglen ikkje ville bli klokare av det, men det blei han. Han drog munnvikane bakover i eit slags glis og viste hoggtennene sine. – Det var du som aldri vågde å drikke øl! sa han. – Eg har tatt det igjen seinare, sa eg. – For ikkje å snakke om sprit, sa Waglen. – Det er kjekt å sjå deg att, Waglen, sa eg. – Det må minst vere sju år sidan. Kva gjer du på her i byen? Waglen såg ut som han skulle til å seie at det skulle no eg gi meg faen i, men så var det eitt eller anna som fekk han til å lyse opp igjen. – Det var deg eg pleidde å ta strupetak på! gliste han. – Ja, sa eg, glad for at han hugsa det. – Faen, det var deg, det. Fy faen så redd du var. – Eg var liten, sa eg.
Videoen er innspilt 30. januar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.