«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Eg hadde alltid vore litt redd for Waglen, hugsa eg no. Først var det fordi han såg slik ut. Han var lang og hengslete den gongen òg og gjekk alltid på same huskande måten. Og ansiktet som var så langt og skarpt, og den spottande fliren han alltid hadde, og dei lange hjørnetennene som minte om hoggtenner. Men det var mest det at han alltid på forskjellige utkropne måtar prøvde å drite meg ut. Og den beste metoden han hadde, var å kome innpå meg bakfrå og ta strupetak på meg. – No kan du prøve å kome laus, sa han då, medan eg sparka og sprella, og jentene eg hadde stått og prata med, miste all respekt for meg.

Videoen er innspilt 30. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.