«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Waglen stod midt på fisketorget, i ei oransje jakke med oppbretta krage, av det slaget som hadde vore så moderne siste året mitt på realskulen, ei sliten dongeribukse og dei same cowboystøvlane som han alltid hadde hatt. Han stod der med begge nevane i lommene og såg trugande utover byen som han ville seie: Kom igjen du forbanna by eller kva du no er, så skal eg røske dei seige ballane dine av deg! – Hei, Waglen, sa eg. – Kven faen er du? sa Waglen og såg mørkt på meg.

Videoen er innspilt 29. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.