«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Den forbanna vinden følgde i hælane på meg, tumla rundt som ein klovn, øydela sveisen min, bles kaldt og illevarslande i øyregangen, gav meg rusk i augene og prøvde til og med å setje krokfot på meg utanfor fotoforretninga til Wernø og Gulbrandsen. Ute på fisketorget fekk eg auge på ein kar som eg tykte eg kjende, eller i alle fall hadde kjent. Det kunne knapt vere nokon annan enn Waglen, som eg hadde gått saman med på gymnaset. Nei, på realskulen var det forsyne meg.

Videoen er innspilt 29. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.