«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 9

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Då eg sneik meg inn att på hybelen rundt klokka to om natta, var eg i eit elendig humør. Eg la meg i senga og såg på at rommet svinga stille rundt meg på hengslene sine. Eg hadde først gått med Munk på ein plass dei kalla for Holbergstuen, der hadde vi drukke store mengder med øl, og eg hadde betalt for alt saman, då Munk påstod han var blakk. Då dei stengde der, hadde vi gått bortover mot parken og sunge av full hals. Kva hadde vi sunge? «Det livnar no i lundar», nei, «No livnar det i lundar» hadde vi i alle fall hatt føre oss. Og «Ut mot havet» av Edvard Fliflet Bræin, så vel som «Yesterday when I was young» med Charles Aznavour.

Videoen er innspilt 28. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.