– Kva skal du studere? – Kanskje språk eller noko slikt. – Tenkte meg det. Ja ja, kven veit, kanskje kjem eg til å halde ei gjesteførelesing i språk og litteratur no i haust. Då får du vere om deg. Det kan bli jæklig trangt om plassen. Vi får sjå kor god tid eg får, kor travelt eg får det med politikken. – Ålreit, sa eg. – Eg skal passe på. Veit du forresten om det finst ein plass ein kan drikke eit glas øl her i byen? – Eg skal vise deg alt du treng. Så kan vi snakke litt nærmare om den vinlegginga. Vi kunne gjere det i fellesskap, så blei det billeg. Og dersom det er slik at du ikkje orkar den siste poteta der, så er det gjerne ein som kan hjelpe deg med henne.
Videoen er innspilt 27. januar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.