Eg såg nøye på Munk. Omtrent slik såg han ut: raudt ansikt, vasne blå auge, gule tenner, langt, feitt hår, skiten og rutete flanellsskjorte, mørkeblå dressjakke som måtte vere minst tjue år gammal etter snittet å døme. Buksene hans kunne eg ikkje sjå, men under bordet stakk det fram eit par joggeskor og eit glimt av skitne føter utan sokkar. – Kva slags gjesteførelesingar er det? spurde eg. – Å, det kan variere, sa Munk.
Videoen er innspilt 27. januar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.