«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 8

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Min òg, sa eg. – Seier du det? sa Munk. – Rett i dass med han? – Yes, sa eg. – Kva skjedde med dei som blei oppsagde? – Dei lever vel enno, dei fleste av dei, sa eg. – Eg drog til Bergen for å studere. – Å hå, sa Munk, – ja, det tenkte eg meg. Det har no alltid vore draumen for bygdeungdom det, kome til byen og studere og drikke seg full. Eg har vore borti det opplegget, eg òg, og fekk svidd ballane mine på kjøpet. Eg kjenner universitetet, ja. Eg får forresten spørsmål av og til om å kome innom og ta ei gjesteførelesing. Men eg tviler jævlig sterkt på om dei er mogne for noko slikt enno. Det kan vel bli for sterkt for dei.

Videoen er innspilt 26. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.