«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 8

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Eg er Munk, sa karen og smilte mystisk. – Eg går ut frå at du har høyrt om meg. – Hm, kremta eg. – Munk, ja, sa eg. – Tja, sa eg. – Eg har jobba på sildoljen ei god stund. Eg har kanskje gått glipp av litt. – Det høyrest ut til at du har gått glipp av temmeleg mykje, sa Munk. – Men det er ikkje så jævla farleg. Eg har jobba i sildoljen sjølv, eg. Det var nok før di tid. Då måtte vi verkeleg jobbe som faen frå morgon til kveld for å halde akkorden, og endå var det jævlig lite vi tente, og det vi fekk utbetalt, gjekk med på laurdagskvelden. Men så blei sildoljen nedlagd.

Videoen er innspilt 26. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.