«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 8

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Eg blei riven ut av desse tankane ved at nokon spurde om det var ledig ved bordet mitt. – Det ser slik ut, sa eg, og han som spurde, sette seg straks med ein kopp kaffi og duppa fort ein sukkerbit oppi. – Kan du leggje vin? sa han. Eg såg opp. Det var same karen eg hadde treft på i parken tidlegare på dagen, og som hadde bydd meg på dram. Det var no òg eit samantreff. – Eg veit ikkje, sa eg. – Eg har aldri gjort det før, men eg kunne vel lære. – Du har kanskje ei instruksjonsbok? – Nei, men det går det vel an å få tak i. – Ja, det får vi jaggu håpe. Det begynner å bli krise no. Nesten slutt på vinen, og lite pengar. – Tja, sa eg. Slik kunne det gå, meinte eg å seie.

Videoen er innspilt 25. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.