«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 7

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Eg anstrengde meg verkeleg den gongen, fordi ho var så vakker og eg var så alminneleg. Ja, eg var verkeleg ingenting å sjå på. Eg hadde kviser og feitt hår og lys skjeggstubb. Det var verste pubertetstida. Eg var overlykkeleg for at ho i det heile ville vere saman med meg, og eg anstrengde meg meir enn eg hadde godt av. Eg møtte alltid opp for tidleg når vi hadde avtalt å møtast nokon plass. Eg var livredd for at ho skulle måtte vente. Vi møttest under gatelykter, ved fontener, i parkar om hausten og utanfor kyrkjegardar. Vi møttest aldri på busstasjonar eller utanfor stormagasin.

Videoen er innspilt 22. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.