«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 7

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Jau, det såg bra ut. Levande folk sat rundt meg og prata høgt og trygt på dei forskjelligaste bygdemål, folk som hadde vore på bybesøk, som no var ferdige med ærenda sine og kunne gjere det dei hadde hatt lyst til heile tida: gå på Kaffistova og vise fram for kvarandre det dei hadde kjøpt på polet, over ein kopp kaffi med fløyte og sukkerbitar til. Og jentene på Kaffistova. Dei kunne jobben sin. Auste opp kjøtkaker og kål så det såg ut som kyrkjemusikk. Ei av dei fekk meg til å tenkje på ein gong for lenge sidan og ein annan stad. Då var eg saman med ei jente som var eldre enn meg.

Videoen er innspilt 22. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.